Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
Prosedyrar for legemiddelsamstemming er etablerte i alle sjukehusføretaka. Samtidig er det uklart kva som er status for innføring, kva variantar av arbeidsprosessar og medhjelparar som er etablerte, og om det finst hindringar som ein må prioritere å løyse regionalt. Det bør etablerast ein felles beste praksis for legemiddelsamstemming i regionen for å sikre effektiv ressursutnytting og best mogleg resultat, samt redusere uønskt variasjon
Helsepersonell som utfører legemiddelsamstemming og medarbeidarar som jobbar med utvikling og samanstilling av prosedyrar, retningslinjer og styrande dokumentasjon
Beste praksis for legemiddelsamstemming er utarbeidd, basert på ein kunnskapsbasert tilnærming
Status for legemiddelsamstemming i alle sjukehus viser auke frå rapport er tilgjengelig og 12 månader fram i tid
1) Auka grad av legemiddelsamstemming i Helse Vest
2) Legemiddelsamstemming i klinisk praksis bidrar til tryggare og meir effektiv legemiddelbehandling
Gjere risikovurdering for gjennomføring og innføring av tiltaket
Innhente og samanlikne aktuelle prosedyrar frå dei ulike sjukehusføretaka
Etablere dialog med PLL-prosjektet
Gjennomgå og kvalitetsvurdere aktuell forskningslitteratur på området
Samanstille erfaringsbaserte- og forskningsbaserte tiltak for å etablere beste praksis for legemiddelsamstemming i regionen
Regional arbeidsgruppe ROMLE. Hovudansvarleg: Lokal arbeidsgruppe i Helse Bergen og Helse Fonna
Legemiddel ikkje gitt/betydeleg forsinka
Feil dose
Manglande samstemming
Ufullstendig eller manglande ordinasjon
Manglande dokumentasjon
Overføringsfeil
Opioid
Systemisk antibiotika
Antikoagulantia
Antitrombotika
Insulin
Kalium
Digoksin
Lågdose metotreksat
Eldre
Barn
Nyfødde
≥5 legemiddel
Eksternt mellom spesialist- og primærhelseteneste
Internt i helseføretaka