Dette er ein pilot og ei utviklingsside for planar i Helse Vest. Se ww.helse-vest.no for gjeldende planer
Helse- og omsorgsdepartementet har gitt dei regionale helseføretaka oppdraget med å utarbeide regionale utviklingsplanar innan utgangen av 2022. Helse Vest RHF har difor invitert til å komme med innspel til utkastet til regional utviklingsplan.
Helse Vest legg opp til å vedta ny utviklingsplan i styremøtet 7. desember 2022. Utviklingsplanen har vore på høyring i perioden 12. september til 24. oktober.
Lenke til utviklingsplanen: www.nestegenerasjonplan.no/ny-regional-utviklingsplan-2023-2035
Gjennom dei 19 høyringssvara Helse Vest fekk innan fristen 24. oktober, har det samla sett kome rundt 150 innspel. I tillegg har vi fått ei rekkje innspel gjennom andre kanalar i høyringsperioden.
Høyringssvara gir i stor grad tilslutning til retninga, innhaldet og forma til utviklingsplanen. Det har òg kome innspel til forbetringar og ulike synspunkt aktørane ønskjer å fremje ut frå sine ståstader. Prosjektet jobbar vidare med innspela, og oppdaterer utviklingsplanen fram til sakshandsaminga og vedtak i styremøtet 7. desember 2022.
Nedanfor kan du lese høyringssvara i sin heilskap.
Blå Kors Haugaland A-Senter
Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH)
Norsk sykepleieforbund
Kreftforeningen
Hå kommune
Den norske legeforening
Stavanger kommune
Alver kommune
Helse Fonna HF
Helse Førde HF
Helse Vest IKT
Helse Bergen HF
Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus AS
Fana Medisinske Senter
Praktiserende spesialisters landsforening
Haraldsplass
Diakonale Sykehus
Leder, Kliniske ernæringsfysiologers forening
Jæren Distriktspsykiatriske senter
Haugesund Santitetsforenings Revmatismesykehus
Sist oppdatert: 15.11.2022